Artikler og kategorier
Tjenestebeskrivelser
Søk - Kontakter
Skjema og dokumenter
Nettlenker
Kalender

Besøksstrategi for Setesdal vesthei landskapsvernområde - innbyding til regionale møte

Publisert . Sist endret . i kategorien Natur og miljø nyheter

SVR logoVerneområdestyret bed inn regionale møte om besøksstrategi for verneområdet. Møtet som var tenkt i Kvinesdal blir flytta til Valle 7. desember.

På grunn av få påmeldte blir møtet i Kvinesdal den 29. november flytta til møtet på rådhuset i Valle den 7. desember. Det er også mogleg å delta på møte i Forsand rådhus den 22. november. Begge møta startar kl. 18.00. Ver vennleg å gi melding til Jørn Haug om de kjem, tlf. 95 20 70 83. Fristen er innan ei veke før møtet.


Besøksstrategien er ein plan for informasjons- og tilretteleggingstiltak i og inn mot verneområda. Det er peika ut følgjande fire målsettingar for arbeidet:

  • Legge til rette for å gje vitjande ei betre oppleving
  • Bidra til å ta vare på naturverdiane
  • Gi barn og unge gode opplevingar i heiområda og auka forståing for vernet
  • Bidra til auka verdiskaping i lokalsamfunna kring verneområda

Føremålet med møta er å få konkrete innspel på informasjons- og tilrettelegggingstiltak, og i tillegg få eit oversyn over planlagde tiltak i regi av ulike aktørar med sikte på ei god samordning.

For meir utfyllande informasjon sjå vedteken prosjektplan samt rettleiar frå Miljødirektoratet:
http://www.nasjonalparkstyre.no/svr/Nytt/Prosjektplan---Besoksstrategi-for-SVR/ 
http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M415/M415.pdf 

Opplegget for møta vil i korte trekk vera som følgjer:

  • Velkomen v/repr. frå verneområdestyret
  • Kort gjennomgang av arbeidet med besøksstrategi v/verneområdeforvaltar
  • Drøfting kring borda; aktuelle informasjons- og tilretteleggingstiltak
  • Gjennomgang i plenum
  • Oppsummering og vegen vidare

Det vert ei enkel servering.